The Prettiest Star

The Prettiest Star
Singel av David Bowie
frå albumet Aladdin Sane
B-side

«Conversation Piece»

Utgjeve 6. mars 1970
Innspelt Trident Studios, London, 8., 13. og 15. januar 1970
Desember 1972 i RCA Studios i New York City (Aladdin Sane-versjonen)
Sjanger Glamrock
Lengd 3:09 (original)
3:31
Selskap Mercury
MF 1135
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Tony Visconti
Ken Scott, David Bowie (Aladdin Sane-versjonen)
David Bowie-kronologi 
«Ragazzo Solo, Ragazza Sola»
(1969)
The Prettiest Star «Memory of a Free Festival»
(1970)


«The Prettiest Star» er ein song av David Bowie, opphavleg gjeven ut som singel i mars 1970.

Bowie hadde i januar 1970 spelt inn ein gammal song frå Deram-tida, «London Bye Ta-Ta», som var meint som ein oppfølgjar til «Space Oddity» tidleg i 1970. Under den same innspelinga dukka òg ein ny song opp, kalla «The Prettiest Star». Bowie skreiv songen for Angela Barnett, og spelte han visstnok på telefon for hennar då han fridde til ho. Han valde denne songen som den neste singelen sin, trass i at manager Kenneth Pitt, likte «London Bye Ta-Ta» langt betre.[1]

Marc Bolan spelar gitar på songen. Bowie skulle dei neste åra rivalisere med Bolan om krona til kongen av glamrock. Produsenten Tony Visconti, som førte dei to spirande popstjernene i lag i studio, hugsar at innspelinga gjekk bra heilt til slutten då kona til Bolan, June, skal ha sagt til Bowie, «Marc er for god for deg, til å spele på denne songen!»[1]

«The Prettiest Star» har eit grunnleggande vers-refreng-struktur, enkle rim, dyslektiske rim og ein fin, men kanskje litt lite spennande melodi.[2]

Songen vart spelt inn 8., 13. og 14. januar 1970 med Visconti på bass og Godfrey McClean på trommer. Trass i gode meldingar, selde singelen visstnok mindre enn 800 eksemplar, som var ein stor nedtur etter den store suksessen med «Space Oddity». Mellom 3. og 10. desember 1972 vart ein meir glamrockaktig versjon spelt inn i New York City og gjeven ut på albumet Aladdin Sane i 1973, med Mick Ronson på gitar, nesten tone for tone av det Bolan hadde spelt[3]

  1. 1,0 1,1 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.80-81
  2. Chris O’Leary. «The Prettiest Star». Pushing Ahead of the Dame. Henta 18. januar 2016. 
  3. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.32

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy